torsdag 17. februar 2011

Skuleblogg

Etter å ha surfa litt rundt på ulike skulebloggar ser eg at der er mykje god lærdom ein kan få av andre lærarar si blogging. Ettersom eg alltid har likt å verta høyrd så har det rykka litt i meddelingsfoten når skulesaker vert diskuterte, opplegg vert delte og fag vert diskuterte, difor går eg no til det steget å oppretta eigen skuleblogg. Her vil det takast opp tankespinn rundt skulekvardagen som lærar i VGS.